Om oss
Enivest Idrettsfritidsordning (IFO) er eit tilbod for 3. - 5. klasse der allidretten og fysisk aktivitet står i fokus. Vi ynskjer å skape eit trygt og inkluderande miljø der barna får moglegheiten til å utvikle sine fysiske ferdigheiter, samtidig som dei lærer viktigheita av samarbeid, respekt og fysisk helse. Gjennom variert aktivitet og leik legg vi til rette for at alle skal trivast, uavhengig av ferdigheitsnivå og forutsetningar.

Tidspunkt
14:00 - 16:30

Alder
3. - 5. klasse

Aktivitetar
Alt frå tradisjonelle idrettar til leik, samarbeid, friluftsliv og kreative aktivitetar.

Instruktørar
Idrettselevar frå Firda VGS, samt ein voksen ansvarleg.
Visjon
Idrettsglede for alle!
I STIL skal alle føle seg velkomne og inkluderte. Idrett skal vere moro og til glede for både utøvarar, trenarar, styremedlemmar og føresette.
Enivest IFO skal vere ein inkluderande arena der barn frå 3. til 5. klasse får oppleve meistring, fellesskap og idrettsglede. Gjennom eit sterkt samarbeid mellom STIL, Enivest AS og Firda vidaregåande skule legg vi til rette for eit variert aktivitetstilbod — frå turn og friidrett til friluftsliv og samarbeidsleikar.
Samarbeidet er kjernen i tilbodet:
- STIL deler idrettskompetanse og organisering
- Enivest AS støttar økonomisk og engasjerer seg i lokalsamfunnet
- Firda vidaregåande skule bidreg med inspirerande instruktørar
Saman skapar vi eit tilbod som styrker barn si utvikling og bygger eit sterkt lokalsamfunn. Enivest IFO speglar Enivest sin visjon om samfunnsansvar og aktivitet — og fremjar idrettsglede, fellesskap og bulyst. Det er eit symbol på korleis samarbeid kan opne dører for framtida og gjere bygda sterkare.

