
Info om tilbudet
Ein dag på Enivest IFO
Tidspunkt
Måndag - Fredag, etter skuleslutt fram til 16:30.
Dagsplan
Henting ved Sandane skule. Instruktørar følger barna til Sandane Idrettspark/Trivselshallen
Måltid
Organisert idrettsaktivitet
Frukt og henting
Aktivitetar
Barna får utforske eit breitt spekter av aktivitetar gjennom heile året. Fotball, handball, friidrett, turn, friluftsliv, samarbeidsleikar, sykling, klatring, basketball, innebandy og orientering er berre nokre av idrettane og aktivitetane barna får prøve seg på. Aktivitetane følger eit årshjul og ein periodeplan som vil bli publisert her på nettsida, men kan bli justert eller flytta etter værforhold. På vinteren foregår mesteparten av aktivitetane innandørs i Trivselshallen.
Instruktørar
Det vil til ein kvar tid være tre dyktige og motiverte instruktørar frå Idrettslinja på Firda VGS. Desse instruktørane har god forståing for treningsleiing, og dei bidreg med både energi og kunnskap. I tillegg til å organisere og gjennomføre varierte aktivitetar, fungerer dei som gode rollemodellar for barna, med fokus på idrettsglede, samarbeid og inkludering. Instruktørane følgjer barna frå Sandane skule til Sandane Idrettspark eller Trivselshallen, avhengig av den planlagde aktiviteten for dagen.
Ansvarleg leiar
Den daglige drifta av Enivest IFO leiast av Jonas Denk, utdanna lektor med ein mastergrad i kroppsøving og idrettsfag frå Norges idrettshøgskole. Med god erfaring frå undervisning og idrett legger han til rette for eit inkluderande, fagleg forankra og variert aktivitetstilbod.
- Alder 3. - 5. klasse
- Følger Gloppen kommune si skulerute
- Barna må ha riktig utstyr til aktiviteten
- For sein henting vert fakturert med 83 kr per påbegynt kvarter
- Vi gjer merksam på at barna ikkje har rett på skyss til og frå IFO - men vi jobbar med å få dette på plass
Pris
2500 kr per månad/barn.
Deltaking i Enivest IFO i perioden frå skuleslutt til kl. 16:30 gir rett til foreldrefrådrag innanfor beløpsgrensa på 25.000 kr for eitt barn, og 15.000 kr ekstra for kvart barn t.o.m. 11 år, jf. skattelova § 6-48.
Oppsigelse
Det er 2 månadar oppsigelsestid, rekna frå den siste dagen i månaden oppsigelsen skjer. Det betyr at om du for eksempel seier opp plassen for barnet ditt 4. september, må du betale ut november.
For å seie opp plassen på Enivest IFO, må ein sende ei skriftleg oppseiing via e-post til jonas@stilfotball.no

